Vellukka kretscupavslutning

Loke Kjellstadli, Sunnylven IL klar til start. Lenger bak står klubbkamerat Jakob Sæter (44) og ventar på signal frå startar Per Amund Frøysa

Loke Kjellstadli, Sunnylven IL klar til start. Lenger bak står klubbkamerat Jakob Sæter (44) og ventar på signal frå startar Per Amund Frøysa

Sunnylven IL hadde klaff med både ver og arrangement då skiskyttarane avslutta sesongen med kretscup i Hyttehola fleirbruksanlegg. Der var det stor deltaking, spanande duellar og flotte prestasjonar av arrangøren sine løparar.

Foto: Magne Brekke
Det vart utkjempa mange spanande duellar gjennom to dagar i Hyttehola. Mange gjekk godt i løypene og mange skaut godt på standplass under kretscupavslutninga. To løparar prikka alle ti skota i svarten og fekk si ”ugle”, Simen Frøysa Hellebostad, Sunnylven IL og Kasper Mundal, Stårheim IL.
Over 100 løparar deltok både laurdag og søndag. Rundt tjue var frå Sunnylven IL.

Leiar i skiskyttargruppa i Sunnylven IL, Magne Brekke kan puste ut og sjå tilbake på eit vellukka arrangement. Og arrangøren fekk mykje skryt frå toppleiinga i skiskyttarkretsen og TD for gjennomføringa. Alt var bra, breie og godt preparerte løyper, godt merka, tidtakarsystemet virka perfekt, og rask premieutdeling. Det kunne vel knapt bli fleire supperlativ å få.

Magne Brekke rettar stor takk til alle medhjelparar gjennom to hektiske dagar i Hyttehola. Nøyaktig tal hadde han ikkje då vi snakka med han, men fram mot tretti personar hadde ei eller anna oppgåve under konkurransane, sa han.

At det blir fleire store konkurransar i skiskyting i fleirbruksanlegget neste vinter er vel klart sjølv om terminlistene for komande sesong ikkje er klare enno.

Resultat her:
Laurdag 16. mars: http://www.nordfjordteam.no/nts_dokument/Resultat/Sunnylven%2016.03.13/Krinscupavslutning%20Sunnylven%2016.03.2013.PDF

Søndag 17. mars: http://www.nordfjordteam.no/nts_dokument//Resultat/Sunnylven%2016.03.13/Resultater%20Jaktstart%2017.03.13..PDF

Simen Frøysa Hellebostad, Sunnylven IL til venstre og Kasper Mundal, Stårheim IL fekk begge "Ugla" av leiar i skiskyttarkretsen Leif Tvinnereim for prikkfri skyting.

Simen Frøysa Hellebostad, Sunnylven IL til venstre og Kasper Mundal, Stårheim IL fekk begge «Ugla» av leiar i skiskyttarkretsen Leif Tvinnereim for prikkfri skyting.

Kasper Ringdal, på tredje plass var ein av fleire frå arrangøren Sunnylven IL som besteig premiepallen laurdag og søndag.

Kasper Ringdal, på tredje plass var ein av fleire frå arrangøren Sunnylven IL som besteig premiepallen laurdag og søndag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380