Anita Skorgan i Sunnylven kyrkje

Anita Skorgan er fødd i Gøteborg og vaks opp i Sverige dei fyrste åra. Som ung flytta familien til Oslo der Anita starta songkariera som medlem i NKR`s jentekor.
Fjorten år gamal slo ho gjennom som songartist etter å ha gått heilt til topps i ein talentkonkurranse i TV-showet Hylands hørna.
Skorgan har representert Norge i Melodi Grand Prix, fyrste gong som 19-åring i 1977 med songen ”Casanova” og to år seinare med ”Oliver”.
Sist vinter medverka Anita Skorgan i TV-programmet ”Hver gang vi møtes”. Programmet fekk rosande omtale i media etterpå, noko også Anita Skorgan bidrog sterkt til. Mange huskar nok hennar tolking av Ole Paus si vise ”Det begynner å bli et liv”, ei vakker, melodiøs framføring som også rørte songskaparen djupt.
Fredag 5. juli blir Anita Skorgan og musikarar å høyra saman med det lokale ungdomskoret Joyful i Sunnylven kyrkje.