Damelaget uavgjort mot Stryn

Sunnylven/Stranda sitt damelag møtte Stryn til treningskamp på Hellesylt stadion tysdag. Kampen enda 3-3 etter Stryne-leiing 1-0 ved kvilen.

Kampen var siste treningskamp før poengjakta startar mot Bergsøy 7. mai. Trenar Hans Hole brukte mange spelarar for å sjå dei på ulike plassar.

Speleforholda på Hellesylt stadion var utriveleg med vind og regn, men bana tok unna nedbøren utan problem. Ei fantastisk bane, var kommentarane.

I fyrste omgang bølga spelet fram og tilbake, men om lag halvvegs tok Stryn leiinga etter hjørnespark. Ei litt enkel skåring, men det vart pauseresultatet.

I andre omgang utlikna Lena Gjerde med venstreslegga på langskot, eit flott mål. Litt etter kontra Stryn og angrepet enda med sjølvmål av Sunnylven/Stranda.
Leiinga til Stryn varte berre få minutt før Kirsti Frøysadal Hauge donka inn 2-2, og fem minutt før slutt gav ho heimelaget leiing 3-2 etter hjørnespark.

Då trudde alle på ny siger over Stryn, men like før slutt feilrekna Sunnylven/Stranda sin burvaktar eit langskot og ballen gjekk i mål.
Dermed enda treningsoppgjøret 3-3.

Under vanskeleg speleforhold vart det ein god treningskamp, og godt dømt av Leif Rune Tryggestad, Sunnylven IL.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380