Lokalnytt

”Den gyldne spaserstokk”

Premierte trimmarar, frå venstre Arne Tronstad, Ruth Tronstad, Anne Gausdal Oddny Rudi, Kirsten Gjørvad og Arnfinn Tryggestad
Premierte trimmarar, frå venstre Arne Tronstad, Ruth Tronstad, Anne Gausdal Oddny Rudi, Kirsten Gjørvad og Arnfinn Tryggestad

Under vårtreffet for den eldre generasjon var det premiering i ”Den gyldne spaserstokk”. Alle som hadde levert inn sine trimskjema vart tildelt blanke merker av banksjef Stig Tryggestad.

Det var Møre og Romsdal idrettskrets og helselaga som for fleire år tilbake tok initiativet til trimopplegget ”Den gyldne spaserstokk”. Sparebanken Møre er støttespelar til tiltaket og betaler for merke og spaserstokkar.

Spaserstokk er det fyrste deltakarane får, kanskje ikkje det alle treng aller mest, men eit symbol på trimtiltaket, sa banksjef Stig Tryggestad.

I Sunnylven er ”Den gyldne spaserstokk” eit samarbeid mellom Sunnylven sanitetslag og Sparebanken Møre.
Under festen på kyrkjelydshuset laurdag vart 22 deltakarar tildelt merke i ulike valør for trimturar i 2012.

Desse var:
Odd Jostein Bjørdal, sølvmerke
Ruth Frøysa, sølvnål
Anne Gausdal, 13 års merke
Kirsten Gjørvad, 11 års merke
Åge Gjørvad, 11 års merke
Liv Hellebostad, 8 års merke
Magne Hole, bronsemerke
Magnhild Hole, sølvnål
Sonja Hole, gullnål
Sonja Fjørtoft Hole, sølvnål
Åse Marit Lie, 8 års merke
Anna Jorunn Ljøen, 9 års merke
Lilli-Karin Ljøen, bronsemerke
Oddny Rudi, 10 års merke
Anne Marie Stokke, sølvnål
Einar Stokke, sølvnål
Arne Tronstad, sølvnål
Knut Tryggestad, 10 års merke
Arnfinn Tryggestad, 12 års merke
Ingebjørg Tryggestad, sølvnål
Reidun Tryggestad, 10 års merke
Roger Tryggestad, gullnål

Banksjef Stig Tryggestad oppmoda fleire å bli med på gåtrimmen, få seg skjema i banken og føre på dato og litt om kvar turen gjekk.
Han utfordra like godt nye deltakarar på direkten, Bjarne Sjåstad, Lars O. Fivelstad og Fredrik Stadheim og delte ut spaserstokk til alle tre med det same.

B

anksjef Stig Tryggestad til venstre utfordra nye til deltaking i "Den gyldne spaserstokk", mellom anna Bjarne Sjåstad, Lars O. Fivelstad og Fredrik Stadheim.
anksjef Stig Tryggestad til venstre utfordra nye til deltaking i «Den gyldne spaserstokk», mellom anna Bjarne Sjåstad, Lars O. Fivelstad og Fredrik Stadheim.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380