Generalforsamling i Peer Gynt Galleriet AS.

doc_3461_2

Søndag blir det generalforsamling i Peer Gynt Galleriet AS i selskapet sine lokale på Hellesylt. På saklista står val og orientering om drifta det fyrste året.

Over to hundre aksjonærar gjekk inn med kapital og kjøpt kunstsenteret Hægstad Gård på Hellesylt i 2012. Konstituerande årssamling i Peer Gynt Galleriet AS vart halde 1. mai same år.

Søndag 21. april er aksjonærane kalla inn til generalforsamling i selskapet sine lokale kl. 19.00.
Der blir det val og orientering om drift og andre sakene som vedkjem selskapet.

Styret i selskapet er:
Styreleiar; Øysein Ljøen.
Styremedlemer: Ole Arnstein Ringdal, Per Magne Mork, Per Kjetil Parr, Marit Sæten Opsvik, Lisbeth Lervik.
Valnemnd: John Arne Langeland, Knut O. Hole, Ruth Hole Aaland.

Det er ikkje utbetalt styrehonorar i selskapet i 2012.
Betaling til revisor var kr. 35.536.-. Rekneskap for det fyrste driftsåret blir lagt fram på generalforsamlinga.

Tidlegare i år vart det invitert til utviding av aksjekapitalen.
Det vart teikna 380 nye aksjar a. kr. 1000.-, til saman 380.000.- kroner.
Selskapet sin aksjekapital er NOK 3.213.000.- fordelt på 3213 aksjar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380