LokalnyttLokalsport

Gløden tilbake med samarbeid

Trenar Jens Arve Forbord til venstre og Steinar Hjelle ser begge postivt på samarbeidet med Stranda. (Arkivfoto)
Trenar Jens Arve Forbord til venstre og Steinar Hjelle ser begge postivt på samarbeidet med Stranda. (Arkivfoto)

At det vart eit samarbeid med Stranda på senior herrefotball er svært positivt, seier Steinar Hjelle. Det same synest Jens Arve Forbord. Han har trena Sunnylven gjennom vinteren og blir trenar for det nye samarbeidslaget.

-I utgangspunktet ynskte Sunnylven å stille reint lag av eigne spelarar. Då vi talde opp i januar var kring 20 aktuelle for herrelaget.
Ut over våren har antallet spelarar minka grunna langtidsskadar, jobbar utanom bygda og flytting, fortel Steinar Hjelle.

-Sunnmøre Fotballkrets var i utgangspunktet ikkje viljuge til samanslåing mellom Sunnylven og Stranda 2, men etter fleire kontakter og telefonmøter vart det godkjent.
Eit samarbeid med Stranda er positivt og nødvendig. Vi trur det vil bli mange gode og spanande kampar, trur Steinar Hjelle.

Slepp å reise på bygda
Også trenar for Sunnylven sitt herrelag er svært godt nøgd med samarbeidsavtalen mellom dei to klubbane.
-For Sunnylven var eit samarbeid truleg vere eller ikkje vere med tanke på lag og spelarar. Kanskje hadde vi måtta trekke laget før serien var ferdig. Om vi ikkje får flust med spelarar på treningane no heller så slepp vi i alle høve å reise på bygda etter ”gamle” travarar for å stille lag til kampa, seier Jens Arve Forbord.

Før denne sesongen har det vore knapt med mannskap for Sunnylven sitt herrelag og trenaren frykta at det ikkje ville bli særleg meir utover i sesongen.
-Samarbeidet er berre positivt, det gjev oss gløden og gnisten tilbake for fullt. Vi gler oss nesten til seriestart, for no vart det i alle høve mykje lettare.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380