
NRK Sogn og Fjordane henta alle episodar til julekalendaren frå Øvsthaugen i Sunnylven. Ein dag vart veren løyst i sauefjøsen og no er Gro og Oddveig komne.
Saman med Oddvar Torsheim og Gro Ravnestad og ein fotograf frå NRK Sogn og Fjordane laga journalist Karl Kristian Langeland 24. episodar i og kring tunet på heimegarden i november.
4. desember var NRK-teamet i sauefjøsen på Øvsthaugen og løyste ein julepynta ver. Konsekvensen av verasleppet vart at ull og kjøtprodukt til hausten er sikra. Nyleg kom det to velskapte lam til verda fortel sauebonde John Arne Langeland. Dei to har fått namn og heiter Gro og Oddveig.
Fødselen som skjedde for litt sidan gjekk normalt. John hadde bestemt seg for å kalle opp lamma etter Gro Ravnestad og Oddvar Torsheim. Fyrst kom eit holam som fekk namnet Gro. No håpa han det neste var eit verlam, men då også det var holam vart det Oddveig, mykje likt Oddvar.
John Langeland har rapportert om hendinga til NRK Sogn og Fjordane, for han hadde lova både å melde frå når fødselen skjedde og sende bilde. Og Gro Ravnestad var godt nøgd med å bli oppkalla.
Han har lova programskaparane i nabofylket å ta godt vare på lamma. Det var dei fyrste firbeinte som kom i sauefjøsen på Øvsthaugen i vår.
-Du veit ein brukar alltid å ta godt vare på fyrstefødde. Når det grønkast skal dei få ut og seinare blir det fine sommarbeite, så kjem dei vel heim til hausten skal dei leve og føre sauehaldet på Øvsthaugen vidare.
Eg har eit godt forhold til mange i nabofylket, og dei to lamma blir eit fint minne frå eit triveleg besøk, seier John Arne Langeland
Sjå klipp frå julekalendaren: http://nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.8402364