Lokalnytt

Gullkornmiddlar til restaurering

Banksjef Stig Tryggestad t.h. saman med leiinga i Gamleskulen Aktivitetsmuseum. Frå venstre Liv Jorunn Sporstøl, Kari Hauso Stadheim, Odd Jostein Bjørdal, Solfrid O. Lien.
Banksjef Stig Tryggestad t.h. saman med leiinga i Gamleskulen Aktivitetsmuseum. Frå venstre Liv Jorunn Sporstøl, Kari Hauso Stadheim, Odd Jostein Bjørdal, Solfrid O. Lien.

Torsdag denne veka fekk foreninga Gamleskulen aktivitetsmuseum på Hellesylt overrekt 40.000.- kroner av Gullkornmiddlar frå Sparebanken Møre. Pengane går til utbetring av taket på det gamle skulehuset på Hellesylt.

Det var banksjef Stig Tryggestad som overrekte gåva frå Sparebanken Møre under ein pause i takreparasjonen som er i gong.
Sikrar skulehistorikk
-Banken deler ut av overskotet til gode, samfunnsnyttige prosjekt, til dømes det arbeidet Gamleskulen aktivitetsmuseum har starta på. Å bevare gamleskulen og dermed ta vare på gamal skulehistorie er viktig, og vi i Sparebanken Møre vil hjelpe, sa Tryggestad mellom anna.
Han overrakte det innramma beviset på gåva til styreleiar Kari Hauso Stadheim.

Mykje dugnad
-Det vart ofte at lag og foreningar søkte Sparebanken Møre om støtte når tunge investeringar skulle gjerast. Når ein då får så store og kjærkomne gåver tilbake, gjev det inspirasjon til vidare arbeid og innsats, sa Kari Hauso Stadheim.
Foreninga var svært glade for den store gåva og ho takka sparebanken så mykje.
Styreleiaren nytta også høve og takke dugnadsgjengen som hadde utført nye timar med gratisarbeid. Utan ein god flokk friviljuge hadde det blitt vanskeleg, sa ho.

Nye medlemer og gåver
Kari Hauso Stadheim fortel at gamleskulen, eller Hellesylt barneskule var bygd i 1898.
Foreninga som ho er leiar for fekk kjøpe det gamle skulehuset på Hellesylt av Stranda kommune i september 2012.
No pågår eit større utbetringsarbeid på taket som har fått roteskadar då det ikkje har vore tett.
Kostnaden er på om lag 350.000 kroner. Leiinga i Gamleskulen aktivitetsmuseum er svært glade for all økonomisk støtte og hjelp så langt, seier ho.
Og takka vere mange nye medlemmer og pengebidrag både frå fastbuande, av utflytte sunnylvingar og andre trur ho at kostnaden med renoveringa vil gå i hop.

Dugnadsgjengen, frå høgre Eldrid Skrede, Arnfinn Tryggestad, John Arne Langeland, Arne Korsbrekke, Roar Ljøen.
Dugnadsgjengen, frå høgre Eldrid Skrede, Arnfinn Tryggestad, John Arne Langeland, Arne Korsbrekke, Roar Ljøen.
Dei siste taksteinane blir fjerna før tetting og nye kjem på. På stilaset Arnfinn Tryggestad og Eldrid Skred, og på taket Roar Ljøen.
Dei siste taksteinane blir fjerna før tetting og nye kjem på. På stilaset Arnfinn Tryggestad og Eldrid Skred, og på taket Roar Ljøen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380