17. februar 2026

Hederleg tap i bronsefinalen

Sunnylven herrer har delteke i treningsturnering i fotball i Hornindal. I dag spela laget om bronse mot arrangørlaget.

Sunnylven mangla tre sentrale spelarar frå fredagsoppgjøret mot Hovdebygda som enda med tap 4-5 då dei møtte Hornindal i bronseoppgjør laurdag.

Jumbofinalen vart eit jamt oppgjør og det stod 1-1 etter ordinær tid.
Sunnylven sitt mål vart skåra av Leif Rune Tryggestad.

Tredjeplassen i treningsturneringa vart avgjort på straffespark. Den vann Hornindal med 6-5 samanlagt.

Sæbø vann heile turneringa etter 2-1 mot Hovdebygda.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →