Helgaope ved Sherlock Holmes Pub

Ramazan Øcal har ope ved Sherlock Holmes Pub kvar fredag og laurdag.

Ramazan Øcal har ope ved Sherlock Holmes Pub kvar fredag og laurdag.

Fram til juni blir puben ved Grand Hotel, Hellesylt open kvar fredag og laurdag. Seinare blir det dagleg ope, seier Ramazan Øcal.

Frå i vår har det blitt nytt liv ved Grand Hotel på Hellesylt. Ramazan Øcal har leigd hotell og motell og skaper no ny drift og nye arbeidsplassar ved det erverdige hotellet. Det er gjort utbetringar i bygget, mellom anna er nytt kjøkken på plass.
Drivarselskapet tek mot overnattingar ved motellet, og i fyrste omgang blir Sherlock Holmes Pub i hotellet open kvar fredag og laurdag. Opningstider er kl. 18.00 til 01.00 begge dagar, seier Øcal.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380