Lokalnytt

Helt datakurs på Hellesylt

I april inviterte Stranda Frivilligsentral og Storfjord data og kompetansesenter til datakurs på Hellesylt. Kurset var for nybyrjarar og tok føre seg det grunnleggjande for å kome i gong med bruk av datamaskin.

Alle foto: Tor Arne Tryggestad
I alt 14 godt vaksne deltok på kurset som var gratis. Kurshaldarar var Lars-Thørner Woie, Heidi Henningsen og Ingvar Johannes Bævre frå SDKS.

Kurset på Sunnylven samfunnshus gjekk over to kveldar og var på totalt fire timar.
Deltakarane fekk lære om datamaskina, slå på og av, om bilde – og tekstbehandling, bruk av e-post, og framgangsmåter for å søkje etter nyhende.

Aud Tomasgard Berstad i Stranda Frivilligsentral håper mange hadde nytte av kurset. På fire timar blir ein ikkje ekspert, men det var heller ikkje meininga, seier ho. Det var fyrst og fremst å lære litt om dei mest vanlige tjenestene ein nytter ei datamaskin til.

Om det blir halde fleire datakurs på Hellesylt er det ikkje teke stilling til. Men rundt om i landet blir det skipa seniorklubbar, seier Aud Tomasgard Berstad. Og om nokon lurer på noko kring emnet må dei gjerne ta kontakt med henne, seier ho.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380