Henta storboss i Sunnylven

  • doc_3474_2
    Ingeborg Ukkelberg er kommunikasjonsansvarleg i ÅRIM.
  • doc_3474_13
  • doc_3474_14
  • doc_3474_15

 

Denne veka har ÅRIM i samarbeid med Stranda Gjenvinning og Transport hatt innsamling av storboss i Liabygda og Geiranger. Torsdag var turen komen til Sunnylven.

Årleg har ÅRIM, eller Ålesundregionen interkommunale renovasjonsselskap der tolv kommunar på Sunnmøre er med, hatt innsamling av storavfall og skadelege miljøartiklar i bygder som ikkje har eigen miljøstasjon.

På Hellesylt var også kommunikasjonsansvarleg i ÅRIM, Ingeborg Ukkelberg. Ho tok på hanskane og tok del i mottak og sortering av det som kom inn.
-Det blir mange nok dagar på kontoret i løpet av året, så det er berre kjekt å få ein utedag, sa ho, sjølv om det regna…

Finn kopar og gull
– Vi må ta vare på avfallet i staden for å brenne eller kast det. Då sparer vi miljøet og bidreg med ressursar som går inn i produksjon av nye ting. Avfall har ein verdi sjølv om det ikkje er i bruk, det er råvarer som kan brukast igjen. Leverer du inn din gamle sykkel, kan det hende metallet blir til ein ny. Der er gode rutiner på å hente ut nyttbare deler og verdfullt metall, som til dømes kopar og gull frå mobiltelefonar, sa Ingeborg Ukkelberg.

I Sunnylven samla selskapet inn mange tonn sist torsdag.
Også i fjor var det samla inn store mengder grovavfall, men like fullt stod traktorar og bilar med hengarar i kø på Hellesylt for å få levere.

Kjøper stadig meir
Fleire store konteinarar og lastebilar vart fylte opp før ei stor gravemaskin trykte det i hop for å få plass til meir.
Avfallet på Hellesylt var som andre stader, alt frå møblar og kvitevarer, målingsrestar, bilbatteri, TV-apparat, andre elektriske artiklar og jarnvarer. Ein haug med rullatorar, ei velbrukt skålharv og ein defekt snøfresar forsvant også i konteinarane.
-Avfallsmengda aukar, vi får betre råd og kjøper meir. Difor er det viktig å ta mot, hindre at det blir kasta, sett fyr på eller at det på andre måtar forsøplar naturen vår, sa Ukkelberg.

SMS-varsling
Å nå fram med best mogleg informasjon er viktig for selskapet. ÅRIM har starta ei SMS-ordning der ein kan abbonere på ei meldingsteneste om kvar og når innsamlingar foregår.
Framgangsmåten for å tinge SMS-melding står å lese på avfallskalendaren, eller på ÅRIM si nettside, fortalde Ingeborg Ukkelberg.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380