Kick-off i Sunnylven Fotball

Laurdag fekk alle sine speledrakter utdelt i yngres Sunnylven Fotball. Her er frå venstre Renate Grov Øksvang, Isak Elias Frøysadal Hauge, Olai Sætreås Kristoffersen og Hanna Sætreås Kristoffersen.

Laurdag fekk alle sine speledrakter utdelt i yngres Sunnylven Fotball. Her er frå venstre Renate Grov Øksvang, Isak Elias Frøysadal Hauge, Olai Sætreås Kristoffersen og Hanna Sætreås Kristoffersen.

Fotballsesongen nærmar seg og laurdag var det utdeling av drakter til alle spelarar på lag i yngres avdeling i Sunnylven Fotball.

Sunnylven stiller åtte lag i aldersbestemte klasser i år, eitt meir enn i fjor fortel kontaktperson for yngres Åse Ringdal. Alle spelar 5-ar eller 7-ar fotball.

Desse laga er påmeldt:
G 16,
J 14, er delt i to lag
G 11,
J 12,
J 10,
J 7,
G 8.
Sunnylven Fotball har også meldt på G 16 og J 14 til Norway Cup i Oslo i juli/august.

Fleire av trenarane for laga spelar på herrelaget og damelaget. Totalt har kring 20 personar oppgåver som trenarar og oppmenn for laga i yngres avdeling, fortel Åse Ringdal.

Treningane har pågått ei god stund, både inne i gymmsalen og på eit grønt Hellesylt stadion.

Det går rett over frå skisesong til fotball så det har vore rimeleg hektisk, seier Åse Ringdal. Alle laga fekk sine drakter laurdag og er godt førebudd til ein ny fotballsesong, seier ho.
Fyrste lag på poengjakt er G 16 som møter Åheim/VanKam på Hellesylt stadion laurdag 20. april.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380