Lokalsport

Nær uavgjort i treningsturnering.

Sunnylven sitt herrelag spelar treningsturnering i fotball i Hornindal denne helga. Fredag kveld vart det tap mot Hovdebygda.

Sunnylven herrer møtte Hovdebygda i fotballturnering i Hornindal fredag kveld.

Etter ei lite god åpning på kampen låg laget under 0-4 for ”Bøgda” etter fyrste omgang.

Andre omgang starta like dårleg og Hovdebygda gjekk opp til 5-0, men då vakna dei raude og blå. Fyrst reduserte Olav Erling Aaland, så donka Alf Ole Sundgot ballen i nota, deretter sette Bård Forbord inn eit rett idømt straffespark, før Helge Tryggestad reduserte til 4-5, også det ei vakker skåring.
På slutten vart det dramatikk då Sunnylven heldt på å utlikne heile leiinga til Hovdebygda, men keeper stoppa forsøket.
Dermed vann Hovdebygda 5-4 i ein kamp som på alle måtar var positiv med tanke på serieopning for Sunnylven heime mot opprykkskandidat Vartdal onsdag 24. april.

Sunnylven hadde fullt mannskap med Henrik Bjørdal i mål. I bronsefinalen mot Hornindal på laurdag stiller laget same mannskap med Daniel Berbecki som burvaktar.

Sæbø slo Hornindal på straffespark etter at det stod 2-2 ved ordinær tid.
Laurdag spelar Hovdebygda – Sæbø finale, medan Hornindal og Sunnylven møtes til kamp om tredje og fjerde plass i treningsturneringa på den nye kunstgrasbana til nabobygda.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380