Lokalsport

Pallplaseringar i skiskyting

Inga Elise Vik. (Foto: Privat)
Inga Elise Vik. (Foto: Privat)

Dei beste av unge skiskyttarar var samla til tevling under skiskyttarfestival Bendit Liatoppen 5. til 7. april, verdas største skiskyttarkonkurranse. Mellom 1095 deltakarar var fleire frå Sunnylven IL og som gjorde det skarpt.

Inger Ringdal Sæter gjekk inn til ein sterk tredje plass under sprinten på skiskyttarfestivalen Bendit Liatoppen laurdag. 13-åringen fekk to bom på første skyting og dermed sjuande best ut.

Neste skyting var feilfri og inn mot mål gjekk det fort i sporet og til delt tredje plass i ei klasse som talte kring femti løparar.
Ein kjempeflott avslutning på ein sterk sesong for Inger Ringdal Sæter.
Under det individuelle løpet søndag deltok ho ikkje.

Også Inga Elise Vik gjekk inn til ei topp pallplasering under konkurransane laurdag. Ho kom i mål til sølvplass i kvinner 17 år, to sek. etter vinnaren Anitra Vognild, Bjerke IL Ski/MVGS.

Andre plasseringar for Sunnylven IL:
Sprint:
J 14 år: 68. Hege Ringdal (2-1)
G 12 år: 77. Kasper Ringdal (3-3)
G 16 år: 71. Jørgen Ringdal Sæter. (4-4)
Individuell start:
J 14 år: 40. Emilie Brekke (2-1)
69. Hege Ringdal (2-1)
G 12 år: 68. Kasper Ringdal (4-1)
G 16 år: 74. Jørgen Ringdal Sæter (4-3)

doc_3433_14
Deltakarar frå Sunnylven IL under Bendit Skiskyttarfestival. (Foto: Privat)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380