Ryddedugnad ved Peer Gynt Galleriet.

Etter ein lang vinter er det behov for rydding ute ved Peer Gynt Galleriet på Hellesylt. Leiinga inviterer alle som har lyst til å bli med på dugnad og ta eit tak.
Laurdag 27. april frå klokka 10.00 er det tillyst dugnad ved Peer Gynt Galleriet. Då skal uteområdet ved kunst og kultursenteret ryddast opp til sesongen. Tre skal beskjerast og plen rakast for lauv og anna rusk.
Alt skal køyrast vekk og alle gode hjelparar blir bedne om å ta med nødvendig utstyr for arbeida. Også inne i bygget kan det vere aktuelt å gjere ting.
I tillegg til arbeidet skal dugnaden vere sosielt samvær så det blir servert kaffi og kaker, lovar leiinga ved Peer Gynt Galleriet.
Bli med og ta eit tak og gjer det fint til sesongopning 1. mai.
Spørsmål om dugnaden? Ring dagleg leiar Mary Iren Heggem på tlf. 950 13 170.