Siger i serieopning

Spelarar i rødt, Olav Erling Aaland, Jørgen Helset, Gunnar Espelund, Helge Kvam Karbø.

Spelarar i rødt, Olav Erling Aaland, Jørgen Helset, Gunnar Espelund, Helge Kvam Karbø.

Sunnylven/Stranda 2 viste musklar då laget opna seriespelet i 5. div. heime mot Vartdal. Gjestane vart sende heim med tap 3-0.

Fyrste omgang var fartsfylt i vårkulda, men på ei flott kunstgrasbane på Hellesylt stadion.

Vartdal kjempa om opprykk til 4. div. i fjor mot mellom anna Stordal. Då lukkast dei ikkje. Onsdag møtte dei eit nytt lag med mange S-ar i namnet. Også samarbeidslaget Sunnylven/Stranda 2 vart for sterke i åpningskampen etter eitt mål i fyrste og to i andre omgang, alle skåra av Alf Ole Sundgot.
Til det siste fekk han god hjelp av Markus Tryggestad Forbord. Det var berre å ”pirke” ballen i kassa etter eit flott legg frå den unge spelaren med 33 på drakta.
På dei to andre viste Sundgot både fart og teknikk mot eit utspela forsvar.

Å spele ut heimelaget greidde ikkje gjestane. Ungt blod i Trygve Aaland Tryggestad imponerte og var ein av lagets beste. Og med Jørgen Helset og Thomas Roset i godt slag og med ein slag brynje under drakta, vart det vanskeleg for laget i blått og kvitt.

I tillegg hadde heimelaget banens beste i målvakt Daniel Berbecki. Dei gongar han måtte i aksjon rydda han opp til applaus frå eit heller fåtallig publikum denne gongen.
Vi har nemt nokre på laget, men vi vart imponert av fleire. Og gjennom kampen nytta trenaren heile fem frå innbyttarbenken.

Trenar Jens Arve Forbord var godt nøgd med tre poeng i åpningskampen. Godt tempo og mykje positivt å bygge vidare på, tykte han.
Også vi trur samarbeidslaget får ein fin sesong. Det blir ikkje eit slaktoffer som andre hentar poeng frå.

5. div menn.
Sunnylven/Stranda 2 – Vartdal 3-0 (1-0)
Mål Sunnylven: Alf Ole Sundgot, 24. 56. 73.
Domar: Arild Vegsund, Norborg.

Sunnylven/Stranda 2:
Daniel Berbecki, Robert Tryggestad, Jørgen Helset, Thomas Roset, Bård Forbord, Eivind Helset, Olav Erling Aaland, Trygve Aaland Tryggestad, Helge Tryggestad, Markus Tryggestad Forbord, Alf Ole Sundgot.
Innbyttarar:
Gunnar Espelund, Leif Rune Tryggestad, Darius Puljartanus, Helge Kvam Karbø, Ivar Ringdal Sæter.

To av Sunnylven/Stranda 2 sine beste, målvakt Daniel Berbecki og Trygve Aaland Tryggestad.

To av Sunnylven/Stranda 2 sine beste, målvakt Daniel Berbecki og Trygve Aaland Tryggestad.

Alf Ole Sundgot starta sesongen med tre mål for Sunnylven/Stranda 2.

Alf Ole Sundgot starta sesongen med tre mål for Sunnylven/Stranda 2.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380