Siger i siste treningskamp

  • doc_3480_2
  • doc_3480_13
  • doc_3480_14
  • doc_3480_15
  • doc_3480_16
  • doc_3480_17

 

Sunnylven/Stranda vann 3-1 over Eid i treningskamp på Hellesylt stadion søndag. Kampen var siste test før poengjakta startar borte mot Bergsøy 7. mai.

Damekampen mellom Sunnylven/Stranda og Eid vart fartsfylt. Heimelaget møtte ein god motstandar som både forsvarte seg og viste flott angrepsspel.
Det gjorde også Sunnylven/Stranda så det vart eit jamt og tett oppgjør der damene i raudt og blått kunne gå til pause med 1-0 leiing etter skåring av Stine Fivelstad.

I andre omgang var heimelaget best og auka leiinga to gonger ved Kirsti Frøysadal Hauge til 3-0. Like før slutt fekk Eid si redusering etter skot i tverrstonga med retur som vart sett i mål.

Kampen var god, begge lag blir tøffe å møte i sine respektive seriar.
Sunnylven/Stranda har ein stor spelarstall der vi såg både gamle og nye ”stjerner” vise gryande storform. Fram mot seriestart mot Bergsøy 7. mai vil nok mannskapet finpusse meir på detaljar, kamskje prøve å halde ballen meir i laget og spele seg i angrep.
Fyrste heimekamp er mot FK Sykkylven onsdag 15. mai .

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380