Sjølvbetjent informasjon på Hellesylt.

doc_3424_2

Det blir neppe bemanna turistinformasjon på Hellesylt til sommaren. I år kan løysinga bli eit sjølvbetjent informasjonspunkt i Peer Gynt Galleriet.

Ove Skylstad i DGT jobbar med fleire løysingar for turistinformasjon i bygdelaga til komande sesong. Ikkje alt er klart enno, men truleg blir det til at Hellesylt får eit sjølvbetjent informasjonspunkt på Peer Gynt Galleriet, seier han.

Han vil ta kontakt med Hellesylt Næringslag om dei kan bidra økonomisk til å halde oppe ein informasjon, sjølv om han ikkje meinar at private løysingar er vegen å gå i framtida.

Elektroniske løysingar
Eit sjølvbetjent informasjonspunkt vil bli lagt til rette med brosjyrer, kart, rutetabellar og ei datamaskin for internett.
For framtida må vi nok satse meir på elektroniske løysingar som informasjonstavler og liknande, seier Ove Skylstad.

I Geiranger blir det arbeidd for å få på plass ein bemanna turistinformasjon, men detaljer står att også der.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380