7. februar 2026

Snakka om kvinnehelse

Kommuneoverlege Anne-Marte Rørvik, til venstre fekk i gåve lagsboka til Sunnylven sanitetslag, "Ei hjelpande hand og eit smil attpå". Ruth Hole Aaland overrekte.
Kommuneoverlege Anne-Marte Rørvik, til venstre fekk i gåve lagsboka til Sunnylven sanitetslag, «Ei hjelpande hand og eit smil attpå». Ruth Hole Aaland overrekte.

Kommuneoverlege i Stranda, Anne-Marte Rørvik var gjest på Sunnylven sanitetslag sitt medlemsmøte torsdag kveld. Kvinnehelse var temaet ho informerte om, før eit bugnande koldtbord vart sett fram til over førti frammøtte.

Mange av medlemane i sanitetslaget hadde fulgt oppmodinga og teke med ein ven til medlemsmøtet på samfunnshuset torsdag. Over førti i alle aldrar fekk høyre kommuneoverlege Anna-Marte Rørvik snakke om kvinner sine mest vanlege sjukdomar og om førebyggjande tiltak.
Mange krav av kvinner
Sjølv om Rørvik kunne gratulere dei frammøtte med 100-års jubileet for kvinneleg stemmerett, låg kvinner etter menn i styre og stell, og i forsking på helse.
Kvinnehelse er kvinnekamp, sjukdomsplager som ikkje angår menn, sa ho og kom inn på graviditet og fødselsdepresjon som rammar rundt 15 prosent av dei fødande.
Ammepress kunne vere ei av årsakene til depresjon. Det var best med amming og morsmjølk, men det gjekk fint også med erstatningar. Ho hadde sett flotte barn som hadde fått berre erstatningsmjølk.
Mykje blir kravd av ei kvinne i 2013. Det er utdanning, jobb, føde barn, ha ein pen heim og mykje meir. At kvinner kan ha fleire sjukdomsplager enn menn er ikkje rart.
Løysinga på problema kan vere å senke krava, blåse i kva andre gjer og korleis dei har det, sa Anne-Marte Rørvik og kom med ei lita avsløring frå legekontoret: Alle har sitt å stri med også der.

Lungekreft aukande
Å vere litt raus med seg sjølv kunne gjere godt. Ein treng ikkje alltid seie takk til den ein bur saman med om han ryddar, vaskar og lagar middag. Slikt arbeid bør vere sjølvsagt når ein bur i lag, meinte kommuneoverlege Anne-Marte Rørvik.

Ho kom også inn på sjukdomar som føl med alderdom og lungekreft som er aukande hos kvinner og der ho råda sterkt til å kutte ut røyking, og ho var innom hjarte-karsjukdomar.
Å leve sunt, trimme og belaste kroppen, men ikkje overdrive verken på den eine eller andre måten, var gode råd ho avslutta innlegget sitt med om kvinnehelse.

Raud knapp aksjon
Sunnylven sanitetslag har kring 50 medlemer, men ynskjer seg fleire, sa Ruth Hole Aaland. Ho las ei lita forteljing på medlemsmøtet og Kari Hauso Stadheim orienterte om aksjonstemaet til Norske Kvinners sanitetsforening som er kampen mot ”kvinnevold”.
Sanitetslaga deler ut ein raud knapp, eit synleg bevis til alle som støttar aksjonen.

Koldtbordet var stort og velsmakande for dei vel førti frammøtte.
Koldtbordet var stort og velsmakande for dei vel førti frammøtte.
Styret i Sunnylven sanitetslag støttar raude knapp-aksjonen. Framme frå venstre: Ester Kjellstadli, Ruth Hole Aaland, Kari Hauso Stadheim, Ingebjørg Fivelstad. Bak: Elise Rørhuus-Øie, Ruth Nygård Frøysa, Anne Marie Ljøen, Britt Hauge.
Styret i Sunnylven sanitetslag støttar raude knapp-aksjonen. Framme frå venstre: Ester Kjellstadli, Ruth Hole Aaland, Kari Hauso Stadheim, Ingebjørg Fivelstad. Bak: Elise Rørhuus-Øie, Ruth Nygård Frøysa, Anne Marie Ljøen, Britt Hauge.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →