Snart nytt steintak

To polske arbeidarar, Krzysztof,nærast og Lukasz jobbar for HT Bygg og gjer svært godt takarbeid på gamleskulen.

To polske arbeidarar, Krzysztof,nærast og Lukasz jobbar for HT Bygg og gjer svært godt takarbeid på gamleskulen.

Arbeidet med å renovere taket på gamleskulen på Hellesylt går svært bra. I tillegg til dugnadsarbeid er det HT Bygg Hellesylt som utfører jobben for eigaren, foreninga Gamleskulen Aktivitetsmuseum.

Etter at utbetring av taket starta opp etter påske, er alle roteskadar utbetra og legging av takheller godt i gang.

Det viste seg at både utraftsperrer, vindskier, fleire sperrendar og ein del trobord måtte fornyast. Alt er reparert og har fått dei profileringar som var opphaveleg. Kassert materiale er rydda bort.

Taket på gamleskulen er tett, det er lagt undertak, sløyfer og steinlekter og arbeidet med å få på firkanta Alta-skifer er godt i gong.
Dette arbeidet blir gjort av to polske arbeidarar ved HT Bygg Hellesylt, profesjonelt utført både solid og nøyaktig.

Ein stor hengar med rote materiale vart køyrt vekk. Ryddegjengen er frå venstre Marit Ljøen, Odd Jostein Bjørdal, Arne Tronstad, Arnfinn Tryggestad og John Arne Langeland.

Ein stor hengar med rote materiale vart køyrt vekk. Ryddegjengen er frå venstre Marit Ljøen, Odd Jostein Bjørdal, Arne Tronstad, Arnfinn Tryggestad og John Arne Langeland.

Ikkje alt er laust grunna snø og frost når det skal ryddast. Det veit John Arne Langeland rådgjerder med.

Ikkje alt er laust grunna snø og frost når det skal ryddast. Det veit John Arne Langeland rådgjerder med.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380