Sosialtur med siger og tap

Damelaget kunne juble for siger i Sognahallen laurdag. (Arkivfoto)

Damelaget kunne juble for siger i Sognahallen laurdag. (Arkivfoto)

Sunnylven Fotball er på sosialtur til Sogndal med både damelag og herrelag. Begge spela kvar sin kamp laurdag som enda med ein siger og eitt tap.

Sunnylven/Stranda knekte Kaupanger 2. til slutt i eit jamtspela oppgjør. Det vart 1-0 siger til Sunnmørslaget der Stine Fivelstad sette inn målet i andre omgang.
Sunnylven/Stranda stilte eit ungt og litt urutinert lag. Mannskapet til Hans Hole viste likevel mykje godt spel og var fårlege på kontringar.
Sigeren kunne lett ha blitt større, men trenaren er fornøgd. Det unge laget gjorde ein grei jobb og viser at det blomstrar opp stadig nye talent i damefotball, sa han.
Av dei beste mot 3. div. laget Kaupanger 2. var lagkaptein Tina Jøsok.

Sunnylven/Stranda:
Lillian Aasheim, Kristin Ringdal, May-Helen Hole, Tina Jøsok, Silje Stadheim, Maria Berge, Lena Gjerde, Gro Mari Langleite, Birgitte Hagen, Stine Fivelstad, Sara Gjerde.
Innbyttar: Anne Grete Langleite.

God motsand for herrelaget.
For Sunnylven sitt herrelag vart det stortap 13-1 mot Loddefjord. Laget frå Hordaland spelar i 4. div. og var ein svært god motstandar.
-Vi møtte eit godt lag og fekk ei god treningsøkt, sa trenar Jens Arve Forbord om kampen og fortalde at målvakt Daniel Berbecki var Sunnylven sin klart beste.
Sunnylven stilte ikkje sitt beste mannskap, berre elleve mann og mange svært unge.
Målet var skåra av Olav Erling Aaland etter legg frå Markus Forbod, ei flott skåring, sa trenaren.
Trass tapet var stemninga god, kvelden skulle bli triveleg med pizza, Quis og konsert med Olav Stedje i Legereid-puben.

Sunnylven Herrer:
Daniel Berbecki, Helge Tryggestad, Leif Rune Tryggestad, Ivar Ringdal Sæter, Trygve Aaland Tryggestad, Bård Forbord, Olav Erling Aaland, Eivind Helset, Markus Forbord, Helge Kvam Karbø, Ole Arnstein Ringdal.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380