Lokalnytt

Sunnylven bibliotek får bokmerke

doc_3465_2

I vinter lyste støttegruppa for Sunnylven bibliotek ut ein teiknekonkurranse om å utforme nye bokmerke. Tysdag 23. april blir resultata presentert.

I alt 29 elevar frå Sunnylven skule leverte 51 teikningar til konkurransen om bokmerke. Alle utkasta blir stilt ut under bokmerketreffet 23. april i biblioteket sine lokale i Sunnylven kyrkjelydshus.

Mellom desse er det trekt ut fem forslag som skal bli bokmerke.
Alle som låner bøker får bokmerke.

Det blir diplom til dei som leverte inn forslag i konkurransen og gratis pølse med brød og saft under ”treffet”, opplyser støttegruppa.
Også for andre blir det høve til å kjøpe mat og kaffi denne dagen.
Ta turen innom Sunnylven bibliotek tysdag 23. april frå kl. 17.00.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380