7. februar 2026

Sunnylven bibliotek med bokmerke

Berre nokre av elevane var til stades på bokmerketreffet. Dei fekk sine diplom.
Berre nokre av elevane var til stades på bokmerketreffet. Dei fekk sine diplom.

Sunnylven bibliotek har fått bokmerke, dekorert med teikningar laga av elevar ved Sunnylven skule. Tysdag var det presentasjon og premiering.

Tidlegare i vinter fekk elevar ved Sunnylven skule i oppgåve frå støttegruppa i Sunnylven bibliotek å lage teikningar som skulle pryde nye bokmerke til biblioteket.

Tretti elevar frå 1. til 4. klasse og frå mellomsteget leverte inn 51 kreative og fargeglade bidrag, laga med stor fantasi.

Under bokmerketreffet i lokala til Sunnylven bibliotek tysdag, fekk alle elevane som var med på konkurransen kvar sin diplom som eit varig minne.
Frå dei mange flotte forslaga vart det trekt ut fire som prydar bokmerka og ei teikning til eit diplom.
Teikninga på diplomet er laga av Vanja Trøen Frøysa og dei fire som er med på bokmerka er forma av Simen Frøysa Hellebostad, Renate Grov Øksvang, Emil Frøysa og Helene Hellebostad.

Alle som låner bøker får med eit bokmerke, fortel bibliotekstyrar Marit Ljøen. Sunnylven bibliotek har hatt med Sparebanken Møre som økonomisk støttespelar og merka er trykte hos Trygg Trykk, Hellesylt.
Bokmerka gjev nyttige opplysinga om opningstider, lånereglar og telefonnummer.

Vanja Trøen Frøysa hadde laga teikninga som pryda diplomet.
Vanja Trøen Frøysa hadde laga teikninga som pryda diplomet.
Bibliotekstyrar Marit Ljøen viser alle fire bokmerka og diplomet til Sunnylven bibliiotek.
Bibliotekstyrar Marit Ljøen viser alle fire bokmerka og diplomet til Sunnylven bibliiotek.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →