Sunnylven skule med på Staurgale

Merete Løvoll Rønneberg var nyleg på Sunnylven skule og samtala med elevane om korleis staurkunsten kunne sjå ut. (Foto: Sunnylven skule)

Merete Løvoll Rønneberg var nyleg på Sunnylven skule og samtala med elevane om korleis staurkunsten kunne sjå ut. (Foto: Sunnylven skule)

I mai skal 6. og 7. klasse ved Sunnylven skule til Geiranger for å vere med på staurgale. Ved Norsk Fjordsenter skal 16 elevar lage kunst av gamle hesjestaur.

Til fem-års markeringa i 2010 av at Geirangerfjorden med omland fekk utnemninga som Verdsarvområde av Unesco, vart det laga ei kunstutstilling av gamle hesjestaur ved Norsk Fjordsenter.

Elevar frå Sunnylven, Geiranger og Eidsdal skular deltok med utforming av utstillinga.

I åra etter har andre skular i nærområdet til Geiranger laga liknande utstillingar, og i år er turen igjen komen til mellom anna Sunnylven skule.

Tidlgare i vår var Merete Løvoll Rønneberg frå Verdsarvstiftinga på Hellesylt og samtala med elevar og lærarar om opplegget. Ho hadde med ti staurar som skulle målast i raudt og grønt og som skulle gå inn i byggverket frå Sunnylven skule.
Korleis det elles skal sjå ut er opp til elevane sjølve.

Andre skular som skal vere med i år er Ringstad skule med to klasser og Geiranger skule.
Sunnylven skule skal til Geiranger og lage staurkunsten sin 15. mai.
Kunstnar Ola Liland er med som hjelpar og rettleiar for alle elevane frå dei tre skulane.

Elevar frå Sunnylven skule framfor byggverket i 2010.

Elevar frå Sunnylven skule framfor byggverket i 2010.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380