SUNNYLVEN/STRANDA 2 – NYTT SAMARBEID PÅ SENIORFOTBALL

Som på senior damer blir det frå sesongstart av også samarbeid mellom Sunnylven og Stranda på senior fotball herrer. Fotballgruppa i Sunnylven IL og Stranda IL har sendt ut denne pressemeldinga i dag.

”Sunnylven og Stranda har inngått samarbeid for senior herrelag. Etter gode erfaringer på damesida er det no også på plass på herresida.
Sunnmøre Fotballkrets godkjente søknaden i dag og samarbeidet er ein realitet frå sesongen 2013. Samarbeidslaget heiter Sunnylven/Stranda 2 og skal ha plassen til Sunnylven i 5.divisjon. Som ein konsekvens av dette samarbeidet trekker Stranda sitt 2.lag frå årets 6.divisjon.

Jens-Arve Forbord vil vere hovedtrenar for det nye laget. Med seg som kontaktpersonar får han Gisle Aaland (Sunnylven) og Thomas Roset (Stranda).
Kampane vil hovedsakleg bli spela på Hellesylt stadion, men truleg vil to kampar bli spela på Stranda stadion.

Bakgrunnen for samarbeidet er Sunnylven sin situasjon med spelarstall. Den har gradvis vorte mindre etter at laget hadde 18 spelarar ved treningsstart. Skader, skiftarbeid og spelarovergonger har gjort sitt til at Sunnylven forespurde Stranda om samarbeid.

Stranda var positive til dette og dermed vart laga einige om ein søknad til Sunnmøre Fotballkrets om samarbeid. Stranda 2 skulle denne sesongen vere tilbake i 6.divisjon, men med litt knapt med spelarar så blir dette også positivt for Strandafotballen.

Etter først å ha avslått søknaden vart Sunnmøre Fotballkrets einige med involverte klubbar om likevel å godkjenne at laga kan samarbeide i sesongen 2013. Kravet frå
Sunnmøre Fotballkrets er at begge klubbane, men Sunnylven spesielt, må legge ein strategiplan på korleis spelargrunnlaget vil vere i dei komande åra og om grunnlaget til å stille eigne lag vil vere til stades seinare.

Sunnylven/Stranda 2 vil administrerast av Sunnylven og vil spele i Sunnylven sine fargar. Laget serieopnar 24.april mot Vartdal på Hellesylt stadion”.

Pressemeldinga er underteikna av Steinar Hjelle frå Sunnylven Fotball og Ronny Ødegård Stranda Fotball.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380