Lokalnytt

Sunnylvsfilmen er digitalisert.

doc_3435_2

Olav Bruknapp vikarierte som sokneprest i Sunnylven og Geiranger i 1955. I tillegg til prestetenesta gjorde han opptaka til det som vart ”Sunnylvsfilmen”, ein film om dagleglivet i prestesoknet. No har Stranda Sogelag teke kostnaden og fått den digitalisert.

I ni månader i 1955 var Olav Bruknapp vikarprest i Sunnylven og Geiranger. I den tida rakk han å setje varige spor etter seg. Filmopptaka til ”Sunnylvsfilmen” vart levande skildringar av kvardagsliv mellom folk, næringsverksemd, natur og turisme.

Filmen fekk økonomisk støtte av Sunnylven kommune og vart vist fyrste gong i 1958.

Sikra for framtida
Fram til no har originalfilmen blitt oppbevart av Sparebanken Møre, Hellesylt.
For å ta vare på dei sjeldne opptaka har Stranda Sogelag fått heile filmen digitalisert. Arbeidet er gjort av Filmdigitalisering, Innvik og kosta kring 6.000.- kroner, fortel Lars Jakob Skarbø i Sogelaget.
Han har vore Sogelaget sin kontaktmann med selskapet i Innvik og resultatet vart bra. Bildekvaliteten vart betre enn originalen. Stranda sogelag vil skipe til ein kveld og vise filmen, men når er ikkje bestemt enno, seier Skarbø.
Også dei nye kopiane blir oppbevart i Sparebanken på Hellesylt saman med originalfilmen.

Dei unike opptaka som vikarprest Olav Bruknapp gjorde på midten av 50-talet, er såleis sikra.
Filmen er på åtti minutt, utan lyd, men med nokre teksopplysingar på plakatar.
Opptaka er gjorde både i Sunnylven og Geiranger sjølv om filmen har fått namnet ”Sunnylvsfilmen”.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380