Lokalnytt

Tårnagentar hjelpte i kyrkja

Gudstenesta opna med inngang i prosesjon av tårnagentar.
Gudstenesta opna med inngang i prosesjon av tårnagentar.

Unge tårnagentar var gode hjelparar under gudstenesta i Sunnylven kyrkje søndag. Prestevikar Kari Vatne leia gudstenesta og heldt preika.

Søndag var tårnagentar med under gudstenesta i kyrkja. Bevis på ”tittelen” hang kring halsen og alle hadde på spesielle t-skjorter.

Dagen før hadde elevane frå 3. og 4. klasse vore i kyrkja og gjort seg kjende både høgt og lavt, sett opp i tårnet og kika på orgelet. Tre timar med omvising vart avslutta med pizza, fortalde kykjetenar Kristin Storstein.

Aktivt med.
Etter inngang i prosesjon var dei tolv tårnagentane med på mangt, utdeling av salmebøker, innsamling av kollekt, lesing av bøner og tenning av lys. I tillegg viste dei ei lita dramatisert forteljing om Jesus og læresveinane, og dei framførte ein song der teksta handla mykje om tårnagentar.

Sunnylven prestesokn har i likheit med andre sokn kring om på Sunnmøre no blitt tildelt trusopplæringsmiddlar, fortalde prestevikar Kari Vatne.

Prestevikar i Sunnylven og Geiranger.
Kari Vatne er utdanna lærar med spesialpedagogikk, men ynskte å utdanne seg vidare til prest.
Den utdanninga har ho snart fullført gjennom studiar ei veke i Tromsø kvar månad og gjennom studiar og oppgåveløysing som heimearbeid.
I midten av juni er ho ferdig utdanna prest. I tida fram til 5. mai gjer ho unna praksisdelen som prestevikar i Sunnylven og Geiranger, fortalde ho.

Dei unge tårnagentane hadde også ein song om seg sjølve som dei framførte.
Dei unge tårnagentane hadde også ein song om seg sjølve som dei framførte.
Kari Vatne blir prestevikar i Sunnylven og Geiranger fram til 5. mai.
Kari Vatne blir prestevikar i Sunnylven og Geiranger fram til 5. mai.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380