Lokalsport

Vann NM-gull i Hornindal

Frå premiepallen menn senior laurdag. Frå venstre Trygve Aaland Tryggestad, Sunnylven, Ole Martin Erdal, Førde, Per Johan Gjølga, Stallvik. (Foto: Annvor Tryggestad)
Frå premiepallen menn senior laurdag. Frå venstre Trygve Aaland Tryggestad, Sunnylven, Ole Martin Erdal, Førde, Per Johan Gjølga, Stallvik. (Foto: Annvor Tryggestad)

Trygve Aaland Tryggestad vart norsk meister i skifeltskyting fredag. Og Emilie Brekke vart NM-vinnar i eldre rekrutt. I tillegg henta løparar frå Sunnylven IL heim mykje edelt metall frå Hornindal

av Rune Tryggestad

Skyttarane frå Sunnylven Skytterlag markerte seg sterkt i Norgesmeisterskapen i skifeltskyting som Hornindal og Markane Skytterlag arrangerte fredag og laurdag i Grendadalen i Hornindal.
.
I fredagens sprintrenn med to skytingar vart Trygve Aaland Tryggestad norsk meister på grovfelt sprinten i kl. eldre junior (18-20 år).
Han skaut godt og gikk så fort i sporet at han slo NM-vinnaren i seniorklassa Ole Martin Erdal frå Førde Skyttarlag med 6 sek. Ein svært sterk prestasjon.

Øvrige resultat for deltakarar frå Sunnylven IL fredag.
Kl aspirant: Kasper Ringdal (ikkje rangert res.)
Kl eldre rekrutt jenter: Nr 2. og sølvmedalje. Hege Ringdal. Nr. 4. Emilie Brekke
Kl yngre junior jenter: Nr 2. og sølvmedalje. Inga Elise Vik.
Kl eldre junior: Nr 4. Helge Kvam Karbø.

I Samlagskonkuransen vart Sunnmør Skytterlag nr. 3
Vinnar vart Nordfjord med Sunnfjord på andre plass. På laget til Sunnmør Skyttarsamlag gikk to frå Sunnylven IL, Trygve Aaland Tryggestad, Helge Kvam Karbø og Harald Starheim, Valldal IL.

På søndagens Normalprogram hadde Trygve Aaland Tryggestad søkt om dispensasjon for å starte i seniorklassa og for å kjempe om Kongepokalen som var oppsett der.
Det helt nesten til å ta den med heim, for etter eit nytt, svært godt løp med nest beste langrennstid og kun to bom på grovfelten vart det sølvmedalje.
Norgesmeister Ole Martin Erdal kapra den høgthengande Kongepokalen.

Men det var og andre som gjorde det godt på laurdag.
Emilie Brekke vart NM-vinnar i kl eldre rekrutt jenter.
I same klassa vart Hege Ringdal nr. 4.
Inga Elise Vik tok ei ny sølvmedalje i yngre junior jenter, og Helge Kvam Karbø vann sølvmedalje i eldre junior.
Kasper Ringdal deltok i kl. aspirant.

Premiepallen jenter eldre junior: Frå venstre Johanna Reksten, Nordbygda, Emilie Brekke, Sunnylven, Ingrid Gausemel, Markane og Hornindal. (Foto: AnnvorTryggestad)
Premiepallen jenter eldre junior: Frå venstre Johanna Reksten, Nordbygda, Emilie Brekke, Sunnylven, Ingrid Gausemel, Markane og Hornindal. (Foto: AnnvorTryggestad)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380