Vann treningskampar

Dei to samarbeidslaga Sunnylven/Stranda vann begge sine treningskampar tysdag, Damelaget slo FK Sykkylven 3-2, og herrelaget vann 5-2 over Loen.

Sunnylven/Stranda- FK Sykkylven 3-2 (2-2. 0-0. 1-0.)

Damelaget møtte FK Sykkylven på Stranda stadion i ein treningskamp over tre gonger 30. minutt.
Sunnylven/Stranda leia 2-0 etter skåringar av Kirsti Frøysadal Hauge, men FK Sykkylven utlikna til 2-2 før fyrste omgang var omme, andre vart mållaus, men i den siste halvtimen sikra Birgitte Sve Hagen heimesiger. Dermed 3-2 til Sunnylven/Stranda.

Sunnylven/Stranda 2 – Loen 5-2 (4-0)
Sunnylven/Stranda 2 og Loen gjorde opp seg imellom i treningskamp på Hellesylt stadion. Heimelaget var det beste i dette oppgjøret og vann 5-2 etter skåringar av Henning Frøysa (2) og Helge Tryggestad (3).

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380