Vårbløming i kulturskulen

  • doc_3445_2
  • doc_3445_13
  • doc_3445_14
  • doc_3445_15
  • doc_3445_16
  • doc_3445_17

I Sunnylven veks det fram unge, dyktige song og musikkrefter. Det fekk mange bevis for under kulturskulekonserten på Sunnylven samfunnshus torsdag.

Det var folksamt i storsalen ved Sunnylven skule då dei unge som er med i Stranda kulturskule inviterte til konsert. Både pensjonærar frå Sunnylven omsorgssenter og born frå Sunnylven Barnehage var til stades.

Og det blømer som aldri før innan song og musikk i bygda. Med hjelp frå dyktige lærarar som underviser i song og musikk vart det ein sjeldan flott time med vakre tonar.

Variert
Inn på scena myldra det av unge utøvarar på keybord, piano, gitar, fele, blåseinstrument og song. Repertoaret hadde like stor spennvidd frå både nyare og eldre noteark, frå ”Norsk dans nr. 2” av Edvart Grieg til The Beatles eller Beyonce med ”If i were a boy”.

Fyrst på scena var Olene Lade og Veronica Jansen på tangentinstrument og song. Så var det Stian Frøysa Hellebostad sin tur på keybord, medan Ingeborg Langeland, Anette Frøysa, Ottar Frøysa Hellebostad og Lars Kvam Karbø nytta piano.

Svingande
Saman med festleiar og kulturskulerektor Trond Otto Berg var dei neste tre aspirantar frå skulekorpset.
Musikklærar Erik Torset spela med i Sunnylven skule sitt popband som hadde mange utøvarar på gitar, tangentinstrument, slagverk og song. Det svinga og fekk fortent og stor applaus.

Sving på både musikk og boge hadde også felegruppa med lærar Synnøve Hjellbakk Hole som drog opp med ”Polkatrollet” før ein flott konsert var avslutta med ”O Susanna”.

Søkje om plass
Til stades under kulturskulekonserten var lærarane Erik Torset, Gunnar Inge Eide, Synnøve Hjellbakk Hole og rektor Trond Otto Berg. Berg takka skulen for samarbeidet og minte om at det snart var tid for å søkje om plass til neste års kulturskule. Søknadsfrist var i midten av mai. Andre opplysingar ville ligge på nettsida til Stranda kommune.

Rektor Roar Seljeset ved Sunnylven skule takka elevar og lærarar for ein flott konsert. Å opptre med song eller spele eit instrument måtte vere kjempeflott, noko han anbefalte til alle.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380