Lokalnytt

Vårtreff for alle over 60.

Frå pensjonistfest i 2011 på kyrkjelydshuset.
Frå pensjonistfest i 2011 på kyrkjelydshuset.

Laurdag 13. april blir alle over 60 invitert til vårtreff på Sunnylven kyrkjelydshus. Arrangøren legg opp til ei triveleg stund med både program, middag, kaffi og kaker.

Den årleg pensjonistfesten like etter nyttår vart i år utsett grunna streng kulde og usikkert ver. Laurdag blir det festsamkome for alle over 60 år, eit vårtreff har arrangøren Sunnylven Pensjonistlag og Sunnylven sanitetslag kalla det.
Samlinga blir på Sunnylven kyrkjelydshus med litt program, servering og utlodding. I tillegg blir det premiering av ”Den gyldne spaserstokk”, eit samarbeid mellom Sparebanken Møre og sanitetslaget.

Arrangøren ynskjer vel møtt og håper mange kjem på vårtreff.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380