17. mai i Sunnylven.

doc_3499_2

Programmet for feiring av 17. mai i Sunnylven er klart og føl det tradisjonelle opplegget med festgudsteneste, folketog og samling på samfunnshuset. Om kvelden held feiringa fram saman med HUL, stand up komikar og dans.

Her er programmet:
08.00: Vi heiser vårt flagg
09.45: Ein skuleelev legg ned krans ved minnesteinen til dei falne ved kyrkja.
10.00: Festgudsteneste i Sunnylven kyrkje ved prestevikar May Lisbeth Aurdal.
Sunnylven skulekorps. Joyful. Offer til Redd Barna.

10.45: Barnetoget går frå kyrkja om Peer Gynt Galleriet, til omsorgssenteret og vidare til skulen.
Oppstilling:
Flaggborg
Sunnylven skule
Skulekorpset
Barnehagen
Lag og organisasjonar

11.30: Sal av mat og drikke på samfunnshuset.
12.30: Leik og konkurransar for born og vaksne ved fotballgruppa.
12.45: Barneleikarringen opptrer ved omsorgssenteret.

14.00: Samling på samfunnshuset.
Tale for dagen ved elevar frå 10. klasse.
Sunnylven skulekorps.
Musikkinnslag.
Allsong.
Dans ved barneleikarringen.

Det blir ikkje sal av mat under samlinga på samfunnshuset.

Frå kl. 21.00: Hellesylt Ungdomslag arrangerer underhaldning og dans på samfunnshuset.
21.00: Stand ut komikar Roar Brekke
22.00: Duoen ”Mix” spelar til dans.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380