3-0 tap for Sunnylven/Stranda 2.

Vigra var aggressive i duellane på heimebane og kriga til seg alle poenga. Laget vann 3-0 over Sunnylven/Stranda 2 på 1. mai etter 1-0 leiing ved pause.

På ei tung grasbane var om lag kvarteret gått då Vigra skåra. 1-0 stod seg omgangen ut.
I siste halvdel tok vind og regn seg opp, forhold som Vigra såg ut til å like best.
Sunnylven/Stranda 2 fekk skade på Jørgen Helset som gjekk ut. Deretter kom to nye skåringar til heimelaget som vann 3-0 og leiar tabellen i 5. divisjon.
Onsdag 8. mai møter Sunnylven/Stranda 2 Hovdebygda på Hellesylt stadion.

Sunnylven/Stranda 2:
Daniel Berbecki, Trygve Aaland Tryggestad, Robert Tryggestad, Jørgen Helset, Thomas Roset, Bård Forbord, Eivind Helset, Olav Erling Aaland, Helge Tryggestad, Darius Puljakauskas, Henning Frøysa.

Innbyttarar:
Gunnar Espelund, Leif Rune Tryggestad, Stein A. Kristoffersen, Kamik, Thomas Fure, Ivar Ringdal Sæter.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380