Lokalsport

Best mot Brattvåg

Sunnylven/Stranda vann 3-1 over Brattvåg på Hellesylt stadion onsdag. Kirsti Frøysadal Hauge skåra alle måla til heimelaget. Laget ligg no på 3. plass på tabellen.

Brattvåg var sjanselause på poeng då dei møtte Sunnylven/Stranda på Hellesylt stadion. Heimelaget var best og burde skåra fleire gonger enn tre på gjestane sin gode burvaktar Anna Hjelseth.

Spesielt i starten var trykket stort mot dei gule og blå. Vi registrerte at Christina Holmberg ikkje tok i ballen dei fyrste 13. minutta. Også seinare vart det ein roleg dag i solskinet for Christina.
Alle i forsvarsrekka med spesielt May-Helen Hole og Linda Vågseter Bjørdal var kjappe til beins og gode.
På heimelaget var kondisjonssterke Anniken Hjellbakk Hole tilbake og la bak seg lange løp på midtbana. Ho kjem enno sterkare etter fleire treningar med ball.

På topp herja som vanleg Kirsti Frøysadal Hauge og Stine Fivelstad. Kirsti dundra like godt inn alle måla til heimelaget, det andre etter flott forarbeid av Stine.
Sigeren var ein lagsiger etter solid innsats av alle i alle lagdeler. Trenar Hans Hole rår over ein stor og sterk spelarstall.

Sunnylven/Stranda skåra etter 24. minutt og leia 1-0 til pause.
I løpet av dei fem fyrste av andre låg to nye ballar i nota til Brattvåg som fekk sitt trøstemål i kampens siste minutt.

3. divisjon damer.
Sunnylven/Stranda – Brattvåg 3-1 (1-0)
Mål Sunnylven/Stranda: Kirsti Frøysadal Hauge, 24, 48, 50.
Mål Brattvåg: Lise Klokk, 90.
Gult kort: Marianne Blindheim, Brattvåg.
Domar: Svein-Ole Sørensen, VRF.
Publikum: ca. 25.

Sunnylven/Stranda:
Christina Holmberg, Silje Stadheim, Tina Jøsok, Linda Vågseter Bjørdal, May-Helen Hole, Lena Gjerde, Maria Berge, Anniken Hjellbakk Hole, Inga Vik, Stine Fivelstad, Kirsti Frøysadal Hauge.
Innbyttarar:
Eline Langlo, Marte Lundanes, Vilde Hjelle, Birgitte Sve Hagen, Sandra Kammen, Gro Mari Kjellstadli Langleite.

Andre kampar damer 3. divisjon:
Herd 1 – Spjelkavik 1-0
Ørsta – FK Sykkylven 3-5

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380