Bygde med hesjestaur

Lærarane Kari Hauso Stadheim til venstre og Solfrid Onsøien Lien til høgre saman med elevane ved det ferdige bygget.

Lærarane Kari Hauso Stadheim til venstre og Solfrid Onsøien Lien til høgre saman med elevane ved det ferdige bygget.

Onsdag 15. mai reiste 16 elevar frå 6. og 7. klasse ved Sunnylven skule til Geiranger. Dit var dei invitert for å bygge sin konstruksjon av gamle hesjestaur. Det vart eit stasbygg.

Det var i 2010 at ”Staurgale” starta med elevar frå Sunnylven skule, Geiranger skule og Eidsdal skule som dei tre fyrste. Ideen om å nytte gamle hesjestaur til å lage konstruksjonar i ulike fasongar var fødd. Bak prosjektet stod kunstnar Ola Liland og leiinga ved Norsk Fjordsenter og byggeplass var det grøne arealet framfor senteret. Hesjestaur var det nok av då og meir har blitt ledig i åra etterpå.

Kvart år sidan 2010 har skular blitt invitert til å lage staurbygg, mange så spesielle at ingen har sett liknande før. Konstruksjonane har rett og slett vore ”staurgale” som prosjektet har blitt kalla.

Sunnylven skule deltok i år for andre gong. Elevane hadde på førehand planlagt korleis konstruksjonen skulle sjå ut og laga ein modell i miniatyr.
Dei hadde måla 11 hesjestaur i grønt og rødt, fargar som var bestemt for skulen.

Tidleg onsdag morgon tok 16 elevar og lærarar fyrste ferje til Geiranger.
Det vart ein fin tur på fjorden med Bolsøy og ein triveleg skuledag etter det vi forstod.
I Geiranger stod buss klar til å frakte elevar, lærarar og dekorerte hesjestaur til byggeplassen ved Norsk Fjordsenter.
Geiranger skule og Ringstad skule hadde vore der tidlegare og laga sine installasjonar.

Ved Norsk Fjordsenter tok Merete Løvoll Rønneberg imot og informerte heile vegen om korleis bygginga skulle foregå.
Modellen til Sunnylven skule var ein labyring. I hjørna vart det sett opp staur fast i bakken, men resten var liggjande etter lafteprinsippet, bunde saman med tau. På ulike stader og litt tilfeldig fekk dei fargeglade staurane sin plass i bygget.

Etter to hektiske timar var jobben gjord. Slik skal staurbygget stå heilt til hausten, både Sunnylven skule og dei andre skulane sitt.

Ved Norsk Fjordsenter blir det offisiell opning av utstillinga ”Staurgale” tysdag 4. juni.
Den dagen er det fleire cruiseskip på fjorden i Verdsarvbygda, så Merete Løvoll Rønneberg ventar mykje besøk i tillegg til elevar og lærarar frå skulane som har laga årets kunstferdige bygg av gamle hesjestaur.

Klare for avreise til Geiranger.

Klare for avreise til Geiranger.

Merete Løvoll Rønneberg studerer modellen slik elevane hadde tenkt seg staurbygget.

Merete Løvoll Rønneberg studerer modellen slik elevane hadde tenkt seg staurbygget.

Her blir det lafta i hop og surra med tau.

Her blir det lafta i hop og surra med tau.

Slik vart det staurgale, men flotte byggverket til elevar frå 6. og 7. klasse ved Sunnylven skule.

Slik vart det staurgale, men flotte byggverket til elevar frå 6. og 7. klasse ved Sunnylven skule.

Etter endt jobb var det heimtur med Bolsøy og skipper Karstein Holm til venstre og styrmann Knut Sæterøy.

Etter endt jobb var det heimtur med Bolsøy og skipper Karstein Holm til venstre og styrmann Knut Sæterøy.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380