Lokalnytt

Dansa for pensjonistar.

 

Eitt av dei faste innslaga under feiring av nasjonaldagen i Sunnylven er barneleikarringen sin dans ved omsorgssenteret. Også denne gongen var det mange åskodarar.

Det fine veret gjorde at mange bebuarar ved Sunnylven omsorgssenter hadde teke turen ut og sessa seg framfor inngangen. På den åpne plassen fekk dei sjå kva barneleikarringen i HUL er gode for.
Det vart ei frisk framsyning til svingande musikk som begeistra.
Og alle kunne sjå at det låg mykje øving bak, for dansarane var svært så synkronte i stega.

Darneleikarringen er born langt ned i skuleklassene og opp i slutten av tenåra, og vart på 17. mai som elles engasjerane instruert av elsdsjel for leik og dans i Hellesylt Ungdomslag, Astrid R. Ringdal.

Barneleikarringen hadde opptreden også under folkefesten på samfunnshuset seinare same dag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380