Lokalnytt

Har leigd Grand Hotel

Unge tilsette ved Grand Hotel på Hellesylt hadde mykje å gjere på 17. mai. Ramazan Øcal lengst til høgre.
Unge tilsette ved Grand Hotel på Hellesylt hadde mykje å gjere på 17. mai. Ramazan Øcal lengst til høgre.

Ramazan Øcal har leigd Grand Hotel på Hellesylt. Under folkefesten hadde leiaren for 17. mai arrangementet, Jens Vik med ei lita overrasking til den unge hotellverten.

Ramazan Øcal har leigd Grand Hotel i fem år for å få til ny drift i det radisjonsrike hotellet på Hellesylt.

Det tykte Jens Vik var ei flott satsing av ein ungdom som for ca. ti år sidan kom frå Tyrkia til Norge.

-Eg var læraren hans då han kom og lurte litt på kva det var for kar. Vi snakka ulike språk og hadde vanskar med å kommunisere.
No satsar same mann på hotelldrift på Hellesylt, eit vågalt val. Det var i det minste verd ei lita påskjønning, tykte Jens Vik.
Til applaus frå forsamlinga overrekte han ein bukett fargeglade blomar til Ramazan Øcal. Ein fåmelt mottakar takka så mykje for blomane.

Grand Hotel serverte buffet på 17. mai. Seks unge tilsette hadde hendene fulle med å rydde, og servere, for besøket var svært så bra.

Ramazan Øcal fekk overrekt ein blomsterbukett av17. mai kommiteen ved Jens Vik for frisk hotellsatsing.
Ramazan Øcal fekk overrekt ein blomsterbukett av17. mai kommiteen ved Jens Vik for frisk hotellsatsing.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380