Korkafé med Joyful

Joyful song 17. mai i Sunnylven kyrkje.

Joyful song 17. mai i Sunnylven kyrkje.

Laurdag 25. mai inviterer ungdomskoret Joyful til korkafé i Sunnylven kyrkjelydshus. I tillegg til flott korsong blir det tombola og sal av graut, kaffi og kaker.

Leiinga i Joyful håper mange kjem på korkafé laurdag. Inntekta skal mellom anna gå til nye korgensarar, fortel leiar i styret for koret, Anita Langeland.

I tillegg til mykje fin korsong frå kl. 13.00 fristar arrangøren med sal av god graut, kaffi og kaker og stor tombola med mange flotte gevinstar.

Joyful hadde tenkt å ta turen til Oslo for å oppleve Soul Children Festival i haust. No er denne turen utsett grunna kostnaden som vart i største laget. Koret håper å kunne ta turen neste år om reisekassa tillet det.
Alle er velkomne til ei triveleg stund på kyrkjelydshuset laurdag, seier Anita Langeland.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380