Laksefiske startar laurdag

Glenn Wernersen har Steimshølen like ved når han jobbar på Stadheimfossen Camping. Han har registrert at storlaksen er på plass i elva.

Glenn Wernersen har Steimshølen like ved når han jobbar på Stadheimfossen Camping. Han har registrert at storlaksen er på plass i elva.

Laurdag 1. juni opnar laksefiske i Korsbrekkeelva i Sunnylven. Elva er saman med Stordalselva dei einaste med så tidleg fiskestart på Sunnmøre.

Det er kome opp mykje laks i Korsbrekkeelva alt, fortel Glenn Wernersen, innflyttar til Stadheim for nokre år tilbake og aktiv i kultiveringsarbeidet for å bevare den gode lakseelva.

Han driv også Stadheimfossen Camping som ligg like ved Steimshølen, fiskehølen som er alle laksefiskarar si ”grande plass”.
Frå campingen har han godt innsyn til det som rører seg i kulpen og har registrert at store ryggfinnar har skore seg gjennom vassflata i stryket før hølen. Her går nok mykje flott laks alt, seier han.
Alt tydar på at det går mot ei ny, spanande tid for laksefiskarar i Korsbrekkeelva, elva som har ekstra lang fiskesesong, frå 1. juni til 31. august.

Sjølv håper Glenn Wernersen at han skal få tid til å lande sin fyrste laks i år. Det har blitt mange timar i elva etter stamlaks og kultiveringsarbeid, men lite med fisking.

I klekkeriet står mellom 60. – 70.000 laksebarn som skal i vassdraget om ei veke, litt seinare og litt mindre antall enn vanleg grunna problem med å få fanga nok stamfisk i haust.
Men betre med noko enn ingen ting, slår Glenn Wernersen fast og kikar ein gong til mot Steimshølen der blanke fiskar går ei utrygg tid i møte.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380