Lokale aktørar laga folkefest

17. mai-talarar. Frå høgre Anne Grete Kjellstadli Langleite, Kristin Ringdal, Lars Kvam Karbø, Ola Tobias Røyrhus.

17. mai-talarar. Frå høgre Anne Grete Kjellstadli Langleite, Kristin Ringdal, Lars Kvam Karbø, Ola Tobias Røyrhus.

Under folkefesten på Sunylven samfunnshus var det lokal ungdom som stod for dei fleste innslaga. Programmet var variert med musikk, song, tale og dans.

Leiar i 17. mai-komiteen i Sunnylven, Jens Vik kunne ynskje vel møtt til ei talrik forsamling på samfunnshuset.

Han rosa dei mange hjelparane som tok eit tak for å få arrangementet i hamn, det var personar til pynting, rydding, kakebaking, servering og underhaldning. Han inviterte alle til å gje seg sjølve ei skikkeleg applaus for jobben og det var forsamlinga med på.

Fyrste innslag frå scena var Sunnylven skulekorps med dirigent Trond Otto Berg som stod for. Korpset var i storslag og bles i gong med friske tonar, mellom anna Sunnylvsmarsjen av Helge Fivelstad.

Talen for dagen vart halden av elevar frå 10. klasse, Anne Grete Kjellstadli Langleite, Kristin Ringdal, Lars Kvam Karbø og Ola Tobias Røyrhus.
Dei fire var innom mykje, frå Eidsvoll i 1814 og fram til i dag og det vart også ein liten hyllest til heimbygda. Samhald, likeverd, og respekt for kvarandre uansett farge, legning og religion vart ein raud tråd i ei fin, men kanskje litt kort tale.

Felegruppa med Synnøve Hjellbakk Hole tel mange unge musikarar. Bjarne Sjåstad var med på bass og slåtten «Polkatrollet» svinga som aldri før.
Vakkert var det også å høyre Inger Rindal Sæter og Anne Grete Kjellstadli Langleite som solistar med Felegruppa.

Kristin Storstein var forsongar i ”Fagert er landet”, før fint kledde medlemer i barneleikarringen inntok parketten med sving og lette dansesteg.

Festsamkoma på Sunnylven samfunnshus vart avslutta med allsong i ”Ja vi elsker”.

Unge medlemer i Felegruppa fekk sving på bogen i "Polkatrollet".

Unge medlemer i Felegruppa fekk sving på bogen i «Polkatrollet».

Inger Ringdal Sæter song vakkert. Til venstre Bjarne Sjåstad på bass.

Inger Ringdal Sæter song vakkert. Til venstre Bjarne Sjåstad på bass.

Anne Grete Kjellstadli Langleite til venstre og Kristin Ringdal spela gitar saman med Felegruppa, som har Synnøve Hjellbakk Hole som leiar.

Anne Grete Kjellstadli Langleite til venstre og Kristin Ringdal spela gitar saman med Felegruppa, som har Synnøve Hjellbakk Hole som leiar.

Trond Otto Berg var engasjert dirigerte for eit Sunnylven skulekorps i storform.

Trond Otto Berg var engasjert dirigerte for eit Sunnylven skulekorps i storform.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380