Mange namn i Moldskreddalen

  • doc_3533_2
  • doc_3533_13
  • doc_3533_14
  • doc_3533_15
  • doc_3533_16

 

Det er tett mellom namneskilta i Sunnylvs-Moldskreddalen. På Ringdal starta det med Bakkjen og 4.5 km. lenger ute heiter det Røbben. Då ser ein stølen i Moldskreddalen.
Heile Moldskreddalen har skilta namn på stader slik dei har blitt kalla på folkemunne opp gjennom åra. Eit viktig tiltak for ettertida.

Pinseturen gjekk til fots frå Ringdal til stølen. Ein fin tur i strålande sol og til høglydte tonar frå ei vårkåt elv. Litt rusk i grusvegen her og der etter tøyren, men god å gå på.

Langs heilt turen kunne vi gjere oss kjende med namn i dalen. Det starta med Bakkjen, så kjem Hustuftene, Bruene og Storslettå.
Så kjem ein til Trongstien, Vårsætera før vi er ved Oppkome og Ækrå.
Storskregjærde, Ryggjen, Heimsætra, Storsteinbakkjen, Gjærdebøen, eit skilt med pil peikande mot Litledalen, før det heiter Røbben og til slutt Moldskreddalen.

Heile seksten namneskilt registrerte vi etter den kring 4.5 km. lange vegen frå Ringdal til stølen i Moldskreddalen.
Eit flott tiltak å få på plass namneskilt slik at gamle stadnamn ikkje vert gløymde.

Etter ein kort rast på stølen gjekk turen tilbake gjennom dalen, forbi rydningsplassar og gamal kulturjord. Framleis mangla den grøne, frodige fargen i den vakre sætredalen. Men snart går det som alltid kvar vår, det saftige graset veks fram og matar geiter og anna småfe.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380