Margrete Ringdal stiller ut på Hellesylt.

Fjordkveld

Fjordkveld

Laurdag 1. juni opnar årets fyrste kunstutstilling i Peer Gynt Galleriet på Hellesylt. Kunstnar Margrete Ringdal frå Stranda, med bestefar frå Ringdal i Sunnylven stiller ut både oljemåleri og akvarell.

Margrete Ringdal har brei utdanning som kunstnar og har sidan 1990 hatt fleire utstillingar, delteke på kollektivutstillingar og illustrert bøker. Ein finn også fleire av Margrete Ringdal sine bilete på diverse institusjonar.
Inspirasjon til kunsten sin finn ho i naturen, seier ho. Det blir ofte stemningsbilete frå landskapet, frå Norske fjordar eller ute i terrenget på myrane, av og til med personar i motiva. Gjennom bileta prøver ho å formidle det mystiske, alt spanande og stillheita naturen har. Fargane kan ofte blir litt mørke.

Margrete Ringdal går mykje tur i skog og mark. Der finn ho inspirasjonen som ho tek ho med heim og lagar ei grovskisse frå opplevinga. Seinare formar ho inntrykka til eit oljemåleri eller akvarell.
Bileta blir alltid forma etter synsinntykk og aldri etter fotografi, seier ho
I det siste har ho gjort ferdig ein serie bileter som heiter hjarteblad, inspirert av lauv på tre som har form som eit hjarte. Også desse blir å sjå på Hellesylt.

Til salsutstillinga i Peer Gynt Galleriet som varer fram til 28. juni har ho med 25 store og små, innramma bilete av både oljemåleri og akvarell. Fleire får ho ikkje plass til, trur ho.

Margrete Ringdal har eige galleri på Stranda med bilete som folk kan kome og sjå og kjøpe av. Kunstutstillinga i Peer Gynt Galleriet er den fyrste på Hellesylt med eigne arbeid.

 

 

Under stjernene.

Under stjernene.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380