17. desember 2025

Mat og opplevingar i Peer Gynt Galleriet

doc_3490_2

Peer Gynt Galleriet på Hellesylt har i mai ope frå torsdag til søndag. To av dagane står potetball og buffet på menyen. I år sel bedrifta ambassadørkort til kunstgalleriet.

I mai er Peer Gynt Galleriet ope frå torsdag til søndag, alle dagar kl. 12.00 til 18.00.

Torsdag blir det servert potetball med alt det gode som høyrer med til eit slikt måltid, og søndag står buffet på menykartet.
Fredag og laurdag tilbyr bedrifta ”dagens”, i tillegg til enkelte smårettar.

Anbassadørkort 2013.
Peer Gynt Galleriet huser kunst i verdensklasse, dei unike trerelieffa av treskjerar Oddvin Parr.
Med kjøp av ambassadørkort til kr. 300.- får ein fri tilgang til galleriet og gratis kaffi gjennom heile året 2013.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →