Lokalsport

Solid siger for Sunnylven/Stranda

Kanskje var det litt startnervar for fjoråretas sølvlag i 3. div. damer i serieopninga. Heimelaget Bergsøy skåra fyrst og Sunnylven/Stranda bomma på to straffespark. Men etter kvart rann måla inn for gjestane.

Sunnylven/Stranda vann 5-1 over Bergsøy tysdag etter 1-1 ved pause.

Men det var heimelaget Bergsøy som skåra fyrst etter 13. minutt. Fem minutt seinare fekk Sunnylven/Stranda straffespark, men Kirsti Frøysadal Hauge sette skotet til side for mål.

Etter 25. minutt var det ny straffe for gjestane då Stine Fivelstad vart takla ulovleg etter regelboka, åleine mot keeper. Heller ikkje då lukkast det i lage nettsus for dei raude og blå, men Bergsøy måtte fullføre kampen med ti spelarar.
Sjansar kom no på rekke og rad for gjestane, leiinga kunne vore på fleire mål. Trenar Hans Hole tok seg til håret meir enn ein gong i fortvilelse over manglande utteljing.

I det 40. minutt lukkast det endeleg ved Kirsti Frøysadal Hauge og laga gjekk til pause på 1-1.

Vann andre 4-0
I andre omgang kom måla som uteblei i fyrste og Sunnylven/Stranda vann omgangen klart. 55. minutt og 1-2 ved Kirsti Frøysadal Hauge, etter 65. minutt dondra Stine Fivelstad inn 1-3, hjørnespark i det 79. minutt frå May-Helen Hole sette Maria Berge i mål til 1-4 og heilt på slutten kriga Kirsti Frøysadal Hauge inn 1-5.

Ikkje den beste kampen Sunnylven/Stranda har spela, men trenaren såg likevel mykje positivt i det unge laget. At det blir eit lag som vil kjempe i toppen av divisjonen viste dei mot Begsøy tysdag.
Neste kamp for Sunnylven/Stranda er på Hellesylt stadion mot FK Sykkylven onsdag 15. mai.

Sunnylven/Stranda:
Lillian Aasheim, Linda Vågsæter Bjørdal, Tina Jøsok, May-Helen Hole, Sara Gjerde, Maria Berge, Anniken Hjellbakk Hole, Gro Mari Langleite, Inga Elise Vik, Kirsti Frøysadal Hauge, Stine Fivelstad.
Innbyttarar:
Silje Stadheim, Vilde Hjelle, Anne Grete Kjellstadli Langleite.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380