Lokalsport

Spjelkavik vann 3-0

Sunnylven/Stranda tapte 3. divisjons oppgjøret mot Spjelkavik 3-0 torsdag. Ved pause var stillinga 0-0.

Sunnylven/Stranda opna med siger over Bergsøy, men måtte stå over andre kamp mot FK Sykkylven som ikkje makta å stille lag. Torsdag vanta Spjelkavik på bortebane.

Trenar Hans Hole mønstra eit ungt og litt urutinert lag.
I fyrste burde laget ha skåra, men aluminiumsstengene stod i vegen for skot frå dei to på topp, Stine Fivelstad og Kirsti Frøysadal Hauge.
Etter at heimelaget Spjelkavik opna med eit visst press var det Sunnylven/Stranda som dominerte omgangen som ebba ut med 0-0.

I andre kom Spjelkavik meir med og etter 50. minutt fekk laget straffespark. Den vart bom og resultatlaus. Men 67. minutt ut i kampen sat ”kula” i nettmaskene bak Christina Holmberg. Det same skjedde etter 70. og i det 86. minutt.

Hos gjestane var Stine Fivelstad og Kirsti Frøysadal Hauge stadig frampå, men det var målgrinda som var treffpunkt eller dette med litt tur som mangla. Det vart ikkje skåring for dei raude/blå sjølv om spel og sjansar burde ha sprengt nullen.

Spjelkavik jubla for siger over Sunnylven/Stranda som har vunne dei fleste oppgjør laga i mellom, medan spelarar og trenar hos gjesatane var skuffa etter ein middels god kamp.

-Slik er fotball, kapar endar med siger og tap etter dyktigheit, innsats og hell. Vi har ikkje ambisjonar om opprykk, men vi likar å vinne kampar. Dette var ein liten lærepeng på at det må full skjerping til for å vere best, vinne med å skåre flest mål. Det skal vi prøve på neste onsdag, då kjem vi knallhardt tilbake når vi møter Brattvåg på Hellesylt stadion, sa trenaren etter kampen.

Spjelkavik – Sunnylven/Stranda 3 – 0 (0-0)

Sunnylven/Stranda:
Lillian Aasheim, Tina Jøsok, Linda Vågseter Bjørdal, May-Helen Hole, Silje Stadheim, Inga Vik, Maria Berge, Gro Mari Langleite, Birgitte Hagen, Kirsti Frøysadal Hauge, Stine Fivelstad.
Innbyttarar:
Marte Lundanes, Sandra Kammen, Christina Holmberg.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380