Lokalnytt

Sunnylven skulekorps klare til 17. mai.

doc_3506_2

Søndag var Sunnylven skulekorps ute og marsjerte i Hellesylt sentrum og øvde på repertoaret til 17. mai. Både takt og tone satt som det skulle.

Sunnylven skulekorps med sine 24 musikantar og med Trond Otto Berg som dirigent er i rute til nasjonaldagfeiringa. Søndag var det øving i Hellesylt sentrum med speling og marsjering, noko også fleire reisande stoppa opp og høyrde på.

På 17. mai får langt fleire gleda av å høyre korpset, både i kyrkja, i folketoget og under festprogrammet på samfunnshuset.

Skulekorpset rekrutterar stadig nye musikantar og held høg musikals standard. Under 17. mai i Sunnylven har korpset alltid vore ein viktig del av feiringa og som fortjener meir enn applaus for innsatsen.

Tradisjonell feiring
På 17. mai held prestevikar May Lisbet Aurdal preika i Sunnylven kyrkje. I tillegg til Sunnylven skulekorps bidreg ungdomskoret Joyful med song med Arnulf Øverland sin ”Til ungdomen” og ”Mitt lille land” av Ole Paus.

På samfunnshuset blir det tale for dagen av elevar i 10. klasse ved Sunnylven skule og det blir danseoppvisning av barneleikarringen. I det heile ei tradisjonell feiring av 17. mai i Sunnylven.
Sunnylven Idrottslag er arrangør.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380