Superinnbyttar sikra siger
Sunnylven/Stranda 2 vann sin andre siger i 5. divisjon då dei slo Åheim 4-3 på Hellesylt stadion onsdag. Vinnarmålet kom i siste speleminutt.
Åheim jakta sine fyrste poeng i årets serie og var nære ved å lukkast på Hellesylt stadion onsdag, ein kamp med mange mål etter kvart.
Sunnylven tok leiinga i 38. minutt ved Alf Ole Sundgot, men gjestane utlikna i mølje framfor Joakim Fivelstad, heimelaget sin gode burvaktar like før pause. Målskårar var Per Gunnar Lundehaug.
1-1 vart pauseresultatet i ein jamn omgang med fleire gode sjansar til begge lag.
Andre omgang starta med fleire kjempetilbod for heimelaget, både ved Alf Ole Sundgot og Helge Tryggestad. Flotte innlegg frå høgre av Markus Tryggestad Forbord burde også ha gjeve teljande resultat.
I staden vart det Åheim som tok leiinga ved Nils Severin Hanssen og seriepoeng var i sikte.
Hos Sunnylven/Stranda 2. var innbyttar Håkon Mikal Dalen komen inn. Etter 65. minutt klinka han til og ballen spratt over burvakar Lars Nerland Aahjem hos Åheim og i mål til 2-2.
Åheim gav ikkje opp poengjakta og fire minutt seinare var laget i leiinga for andre gong etter skåring av Pål Hellebust.
Men gjestane såg ut til å trøtne mot slutten og heimelaget skrudde opp tempoet i kampen. Presset på utlikning auka og til slutt var det Sunnylven/Stranda 2. sin beste, Olav Erling Aaland som breisida inn utlikninga åtte minutt før slutt.
Åheim hadde håp om eitt og sitt fyrste seriepoeng då kampen gjekk inn i siste speleminutt. Men Håkon Mikal Dalen øydela alt då han dundra 4-3 i mål i siste speleminutt.
Då steig jubelen til gamal storheit også på tribuna mellom vel tjue som trossa vind og få plussgrader.
Sunnylven/Stranda 2. – Åheim 4 – 3 (1 – 1)
Mål Sunnylven: Håkon Mikal Dalen 65. 90. Alf Ole Sundgot 38. Olav Erling Aaland 82.
Mål Åheim: Per Gunnar Lundehaug 44. Nils Severin Hanssen 56. Pål Helland 69.
Gult kort: Per Ove Frøysa, Sunnylven/Stranda 2.
Nils Severin Hanssen, Åheim.
Domar: Henning Skjæret, Volda.
Sunnylven/Stranda 2:
Joakim Fivelstad, Robert Tryggestad, Thomas Roset, Ole Arnstein Ringdal, Trygve Aaland Tryggestad, Helge Tryggestad, Gunnar Espelund, Eivind Louis Helset, Olav Erling Aaland, Markus Tryggestad Forbord, Alf Ole Sundgot.
Innbyttarar:
Håkon Mikal Dalen, Per Ove Frøysa, Leif Rune Tryggestad.