Sykla 21 mil.

For knapt ei veke sidan la Kamilla Åsen og 1500 andre pedaltrakkarar ut på sykkeltur frå Kristiansand til Hovden, i det 21 mil lange Color Line Setesdal Tour. Kamilla fullførte med stil og eit stort smil.
Kamilla Åsen brukte ein hybridsykkel på turen til Hovden, kanskje ikkje det lettaste å sykle på etter ein asfaltveg sjølv om ho hadde skifta til smalare dekk.
Det vart ikkje tid til mange treningsturar før løpet, men nokre og lengste vart 5-6 mil. Å sykle 21 mil er mykje lenger.
Sykkelturen opp Setesdal var ein fin tur i godt, varmt ver så drikkeflaska vart brukt flittig.
Den 25 år gamle radiografen frå Hellesylt med jobb ved Flekkefjord sjukehus fullførte i flott stil og til ei knallgod tid, 8 timar og 34 minutt. Ei sluttid som dei aller fleste ville slite med å kopiere.
Og helsa etterpå?
Heilt ok, litt stive musklar har vi fått oss fortalt, men rett på kurs i Kristiandsand heile veka etterpå.
Gratulerer Kamilla!
Les meir om sykkelrittet på www.challenge4you.com
eller resultat på www.colorlinetour.no