Tysdag kjem fyrste cruiseskip

Cruisesesongen er i gong og mange stor båtar blir å sjå. Her ligg Costa Fortuna ved kai på Hellesylt i fjor.

Cruisesesongen er i gong og mange stor båtar blir å sjå. Her ligg Costa Fortuna ved kai på Hellesylt i fjor.

Tysdag morgon 7. mai kjem årets fyrste cruiseskip til Hellesylt. MSC Musica legg til ved Hellesylt cruisekai kl. 8.30.

MSC Musica er fyrst på Hellesylt i år og er eitt av dei aller største cruiseskipa. 293.8 meter lang er det flytande hotellet som har 2800 passasjerar om bord.

Det legg til kai på Hellesylt kl. 8.30 etter cruiselisa og held fram til Geiranger ein time seinare.

Neste på Hellesylt er systerskipet MSC Poesia, like stor og med nesten like mange reisande om bord. Båten legg til ved Hellesylt cruisekai om morgonen 14. mai.

Cruissesongen på fjorden og ”over land” er for alvor i gang. I alt 121 turistbåtar besøkjer Hellesylt i løpet av sommaren og dei aller fleste skal fortøye ved cruisekaia.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380